torsdag 7. august 2008

Tjaa

Eg har egentlig ikkje så mykje og skrive om, absolutt ingenting som har skjedd dei siste dagane. Idag våkna eg vell i 11 tida ? Laga meg ostesmørbrød, til ei forandring. Etter at eg hadde ete frukost satt eg meg som vanlig i sofaen og sløva. Sann egentlig er det herlig og ikkje gjere noke, men akkurat det har pågått for lenge no. Sløvinga gjer at eg ikkje gidd og stelle meg før eg MÅ ut av huset, pga trening eller noke sann. Idag var det bursdag som gjor at eg klarte og komme meg opp av sofa'n. Tanta mi fylte 40 år i dag, og det var maasse gode kaker. Farmor var der og, og det var kjekt og sjå ho igjen, sida eg ikkje ser ho så ofte som eg egentlig burde. Etter bursdagen skulle eg ned på Expert for og kjøpe meg Guitar Hero ! Eg var i ekstase, for eg er heilt hekta på Guitar Hero. Da eg kom ned på Expert viste det seg at dei spelet, men IKKJE Gitar ! Åherregud, trudde eg skulle klikke, for eg hadde gleda meg sann til og spele. Dei får heller ikkje inn Gitaren før om 2 veke elns. og da er eg begynt på skule, som gjer at eg får lite tid til og spele. Ah, kjiipt! Menmen .. Etter at eg hadde fått mitt hjerte knust (haha, en smule overdriving?) stakk eg på trening. Heilt grei trening idag, masse speling. Etter trening var det dusj og mat. Og no sitte eg her og kjeda meg igjen. Herregud så lite det er og gjere. Gleda meg faktisk VILT til og begynne på skule, til ei forandring.

- Så da spørr eg, gleda du deg til og begynne på skule ?

Sida eg ikkje har gjort noke spesielt, slenge eg med litt bilde fra bowlingtur i forgårs.


Heile flokken på bowling i Måløy

- Må få med at eg vann mot mamma, tanta og onkel !




Meg før bowlingen. Haha, ikkje spørr :)

Ingen kommentarer: